Fjordsteam 2010  FlorøAtløys Venner og Veteranskibslaget Stavenes er glade for å invitere til tidenes første Fjordsteam i Florø helga 4-8 august i 2010.

Vi har pr utløp av påmeldingsfristen påmeldt 43 større veteranskip, fleire eldre redningsskøyter, ei mengd forskjellige skøyter og agentbåtar, 12- 14 veterane brannbilar og 10 - 12 bussar, 150 veteranbilar, Bondens Marknad, torghandlarar, konsertar, revy, turar og masse liv og røre.

Her er alle fartøy velkommen, anten du kjem med damp eller diesel!

Kjem du seglande skal det også bli plass!

Det er mange gode grunnar til eit slikt stemne akkurat i 2010;

  • DS Stavenes kjem for første gang på 57 år for eiga dampmaskin
  • Florø feirer 150 år

Vil du vite meir om kva som skjer kan du sjekke ut det foreløpige programmet. Inviterte båtar finn du også her, og har du gode forslag er vi sjølvsagt opne og glade for det. Du som lurer på skilnaden på Fjordsteam og Nordsteam kan lese meir under informasjon til deltakarar.

Velkommen til minnerike dagar 4-8 auguust 2010!

Påmeldte brannbiler:

- 1920 modell American LaFrance
- 1923 modell Delahaye
- 1931 modell Buick
- 1935 modell Ford
- 1963 modell Willys
- 1964 modell Studebaker
- 1967 modell Magirus stigebil
- 1975 modell Dodge

Link til Fjordsteam 2010 Florø