Veteranbrannbiler

Velkommen til Veteranbrannbiler.com. Dette er en side om gamle brannbiler, brannbiltreff, utstillinger og Stavager Brannbilklubb

Stavanger Brannbilklubb
Stavanger Brannbilklubb er frivillig organisasjon som tar vare på, og vedlikeholder gamle brannbiler. Brannbilene eies av kommunene Stavanger, Sandnes og Gjesdal.
Utstillinger
Det arrangeres mange utstillinger og treff rundt i Norge. I år er det veteranbrannbiltreff i Skien 1.-3. juni 2018
Det er mange forskjellige gamle brannbiler rundt omkring, og her er det en del bilder.
Det var et stort veteranbrannbiltreff sammen med Nordsteam i Stavanger 2008. Stavanger var da kulturhovedstad dette året.


 Skrevet av Reidar Alvestad,  20.03.06
  Hentet fra Bygdebladet for Bokn

- Eg driv rundt omkring og leikar meg på kaiane med gamle brannbilar.

Dette seier Sildakongen til Bokn Bygdablad då me gjennom eit tips fekk vita at han fredag 17. mars sto med sild til folket på kaien i Føresvik.

thumb_Odin.jpg - 6.13 Kb  Sildakongen byr fram varene frå brannbilen Odin.

Framføre brannbilen Odin som har tilhøyrt Haugesund brannvesen sto han på sitt karakteristiske vis og reklamerte for havets podukt. På spørsmål om han selde godt, sa han at det berre dreide seg om småpengar.
- Dette er berre småpenger. Eg får 10.000 kroner for dei foredraga eg held for næringslivet som dynamisk superviser.

- På slike småplasser som dette får eg inspirasjon til foredraga mine, seier han i velkjend stil.
- Men nå er det 25 år sidan eg var her. Nå skal eg komma ein gong i året. Bokn vil nå vera med eliten på sildaruta til Sildakongen, og må vera glad for det. Ingjen i heila ver’å har selt så mykje sild rundt omkring over disk og vore på så monje plasser. Eg er eit levandes nasjonalikon. Eg får 500.000  kroner frå rederiene. Så sel dei profesjonaliteten internasjonalt.

- Ta tre glas til!, skyt han inn til ein kunde.
- Ja, seier han, eg er dyr i drift når det gjeld marknadsforedrag, men viss de har ein pensjonistforening elle noge liknande i Bokn, er eg mild til sinns, og kan halda eit foredrag for 2000 kroner!

 Odin1.jpg

Sildakongen byr fram varene frå brannbilen Odin.


Odin og Tor
Dette er namna på dei to gamle brannbilane han eig. Han har produkta sine fint utstilte i eit hyllesystem på sida i brannbilen Odin. Så fortel han at han også har kjøpt den gamle brannbilen til Bokn hos Odd Grønnestad. Denne bilen har fått namnet Tor. Han skal restaurerast, og så skal han rundt og visa han og verva folk til medlemmer i organisasjonen Sons of Norway.

På spørsmål om kva som er namnet hans utanom Sildakongen, seier han: - du kan skriva ka du vil– men namnet mitt er Arvid Otto Sildenskjold Mørch. Så held han fram: -Før var Bokn den kommunen der folk hadde mest penger i banken. Og eg er ein verdensberømt mann og står långt ute i øydemarka og sel godt til dei som er interesserte. Så tel han grovt opp setlane i kassen sin, og i 12-tida seier han at han har selt for rundt 1600 kroner, noko han synest er lite.
 

 Odin2.jpg

Sildakongen slår ut armane framfor Olaug Hognaland t.v. og Anna Hognaland t.h. Det ser ut som han skal syna storleiken på ein fisk. 

Ynskjer småstat
På spørsmål om synes det er ein god ide å slå saman Bokn og Tysvær til ein kommune, svarar han:
- Nei, det blir berre puslete. Me burde slått saman adle kommunane på Haugalandet innover til eidet mellom Ølen og Sandeid. Der burde den naturlege grensa gått. Og så måtte Kvitsøy vore med. Så kunne me lagt ned det tullet med fylkeskommunen og gjordt den nye haugalandssamanslåinga til ein ny stat - ein småstat!

Og medan me gjer oss ferdige med praten, driv han parallelt og snakkar med kundane sine. Nokså ofte får han dei til å kjøpa andre slag av produkta sine, eller nokså mykje meir enn det dei i utgangspunktet hadde bede om. Og at han er ein god marknadsførar og fargeklatt der han viser seg, kan det ikkje vera tvil om.

Veteranbrannbiler
Postadresse: Storevardvegen 2, 4056 Tananger     |   E-post:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Templates by: RocketTheme |  Powered by: Joomla! |  Innhold og bilder Copyright © 2015 Veteranbrannbiler - All Rights Reserved